Teknomagi 2026
Torsdag 28. mai kl 9.30 på ODEON Kino Ålesund
I lag med Nordea og NTT Security ønskjer vi velkommen til Teknomagi 2026 med afterparty i våre lokaler like ved Odeon på Moa.
Med spennande foredrag, forfattar Bjørn Vatne som konferansier, kundecase og «afterparty» i Tussa IKT sine lokale på Moa, blir dette ein magisk dag du ikkje vil gå glipp av.
Kvifor teknomagi 2026
I 2026 skjer det teknologiske skiftet i eit landskap prega av geopolitisk uro, nye reguleringar og eit AI-kappløp som går raskare enn mange hadde forventa.
På Teknomagi løftar vi blikket og ser samanhengane mellom:
- geopolitikk og teknologi
- digital suverenitet og skyplattformer
- kunstig intelligens og verdiskaping
- cybersikkerheit og samfunnsberedskap
Målet er ikkje berre å snakke om teknologi – men om korleis verksemder faktisk kan navigere i ei ny tid.
PROGRAM
09.30 Registrering, kaffi og drøs
10.00 Velkomen
Urolige tide krever grep
10.10 Geopolitisk situasjon Gjermund Eide
10.40 Digital suverenitet i en urolig tid – Microsoft si
europeiske tilnærming Arne Hartmann
11.00 Svindlere bruker også ny teknologi!
Ida Marie Edholm - Nordea
11.30 Cybersikkerheit i ein ny geopolitisk kvardag
Robert Ståhlbrand - NTT Security
11.45 Sofaprat
12.00 Lunsj
Investering i ny teknologi – er det verdt det?
13.00 Ser vi ei ny IT-boble. Joachim Bernhardsen - Nordea
13.30 Kundecase
14.00 Pause
14.30 Nytt frå Tussa
14.45 Lurer du på korleis KI vil påverke deg og framtida
til bransjen framover. Eirik Solheim
15.30 Kundecase
16.00 Sofaprat
16.30 Afterparty i Tussa IKT sine lokaler på Moa
God stemning med grillmat, drikke og magisk underhaldning
med unge Fredrik Skaar Vinjevoll som syng Elvis
Det kan kome endringar i programmet
På scena får du oppleve
Konferansier Bjørn Vatne
Forfattar Bjørn Vatne frå Ålesund vil i år som i fjor leie oss gjennom dagen. Han har jobba som journalist fram til han i 2015 debuterte med romanen "Slik skal vi velge våre ofre". Den vart kåra til årets roman av norske bokbloggere. I 2018 fekk han Stig Sæterbakkens minnepris som vert delt ut til ein forfattar med overbevisende litterære kvaliteter, originalitet og mot til å skape sine egne prosjekt. Vatne har studert blant annet sosiologi og medievitenskap ved Universitetet i Bergen, og har gått Forfatterstudiet ved Universitetet i Tromsø.
Gjermund Eide
Gjermund har bakgrunn frå Forsvaret, og har ein variert tjenesteerfaring frå 40 år som offiser. Gjermund var militær rådgivar for NATOs generalsekretær frå 2014 til 2024, altså dei ti åra Jens Stoltenberg hadde jobben.
Før det var Eide kommunikasjonssjef for forsvarssjefen og Forsvaret. Han har også vore kontigentssjef for de inorske styrkane i Afghanistan og militær rådgivar for forsvarsministeren.
Gjermund har mastergrad i National Security Strategy fra National War College i Washington, USA. Han har også gått toårig stabsskole ved Försvarshögskolan i Stockholm, samt Stabsskole og Krigsskole i Oslo.
Arne Hartmann
Arne brenn for å byggje bru mellom menneske og teknologi, og er særleg oppteken av korleis moderne sky- og KI-løysingar kan takast i bruk på ein trygg og ansvarleg måte i ein stadig meir digital kvardag.
Han jobbar som Enterprise Security Executive i Microsoft Noreg, der han hjelper verksemder med å navigere i skjeringspunktet mellom teknologi, sikkerheit og kunstig intelligens.
Gjennom rådgjeving, workshopar og strategiske prosjekt arbeider han tett med både offentlege og private verksemder for å gjere komplekse sikkerheitsutfordringar meir forståelege – og omsetje teknologi til reell verdi i praksis.
Ida Marie Edholm
Bruken av teknologi som KI har dessverre også gjort svindelmetodane stadig meir avanserte.
Ida Marie Edholm, Fraud Communication & Awareness in Norway er Nordea sin svindelekspert og har blant anna ein eigen podcast 'Svindelpodden'.
Ida vil snakke om korleis KI endrar trusselbiletet, kva trender Nordea ser, og eksempel på svindelmetodar ein skal vere oppmerksomme på.
Joachim Bernharden
Joachim Bernhardsen, sjefstrateg i Nordea, følgjer utviklinga innan kunstig intelligens og korleis ho påverkar aksjemarknaden tett. Kunstig intelligens vil skape nye vinnarar, men òg nye taparar. Joachim vil snakke om korleis dei enorme investeringane i utbygging av KI-infrastruktur påverkar aksjemarknaden. Etter fleire år med sterk oppgang for teknologiselskapa har det òg vakse fram ei snikande frykt for ei ny teknologiboble.
Joachim har brei erfaring frå finansmarknaden. Han har arbeidd i fleire år i Nordea Markets som rente- og valutastrateg. Dei siste åra har han jobba som investeringsstrateg i Nordea Wealth Management.
Eirik Solheim
Eirik Solheim er ein av Norge sin fremste ekspertar på kunstig intelligens. KI har i løpet av svært kort tid bidratt til ein teknologisk revolusjon og då gjelder det å vite korleis ein kan utnytte teknologien på best muleg måte.
Eirik har 25 års erfaring som teknologirådgiver, medieprodusent og journalist i NRK. I 2006 starta han den anerkjente utviklingsavdelinga NRKbeta.
Solheim har hatt styreverv i NCE Media/Media City Bergen og har vore konsulent i Accenture. Han er tilknytta Høgskulen i Volda som forskar og er utdanna medieingeniør fra Universitetet i Stavanger.
Høgdepunkt frå Teknomagi 2025