Kva leitar du etter?

Teknomagi 2026

28. mai er Teknomagi tilbake, denne gongen på ODEON Kino Ålesund, rett ved sidan av våre lokaler på Moa. Påmelding opnar snart. 

Verda endrar seg raskt

Vi snakkar framleis om innovasjon og effektivisering, men stadig fleire stoppar opp og stiller spørsmålsteikn ved sikkerheit, konkurransekraft og kontroll over eigen digitale kvardag.

På Teknomagi 2026 samlar vi leiande stemmer innan teknologi, sikkerheit og næringsliv for å forstå kva som skjer – og kva det betyr for norske verksemder.

Gjennom ein dag med innsikt, refleksjon og konkrete erfaringar utforskar vi korleis ny teknologi kan vere både ein moglegheit og ein risiko.

  • Kva skjer når kunstig intelligens endrar spelereglane?
  • Korleis påverkar geopolitikken teknologivala våre?
  • Korleis kan vi ta i bruk ny teknologi strategisk, utan å miste kontrollen?   

Kvifor Teknomagi?

I 2026 skjer det teknologiske skiftet i eit landskap prega av geopolitisk uro, nye reguleringar og eit AI-kappløp som går raskare enn mange hadde forventa.

På Teknomagi løftar vi blikket og ser samanhengane mellom:

  • geopolitikk og teknologi
  • digital suverenitet og skyplattformer
  • kunstig intelligens og verdiskaping
  • cybersikkerheit og samfunnsberedskap

Målet er ikkje berre å snakke om teknologi – men om korleis verksemder faktisk kan navigere i ei ny tid.

Oclin 20250612 A7 R04610 Teknomagi MARTIN GISKEGJERDE OCLIN 1920px
Oclin 20250612 A7 R04601 Teknomagi MARTIN GISKEGJERDE OCLIN 1920px
Oclin 20250612 A7 R04575 Teknomagi MARTIN GISKEGJERDE OCLIN 1920px
Oclin 20250612 A7 R04578 Teknomagi MARTIN GISKEGJERDE OCLIN 1920px
Oclin 20250612 A7 R04558 Teknomagi MARTIN GISKEGJERDE OCLIN 1920px stort
Oclin 20250612 A7 R04480 Teknomagi MARTIN GISKEGJERDE OCLIN stort