Kva leitar du etter?

Teknomagi2025 900x550

Teknomagi 2025

12. juni inviterer vi saman med Nordea og NTT Security til ein magisk og matnyttig teknologikonferanse som passar for deg som både vil bli inspirert og sjå ny teknologi implementert.

Opplev magien med teknologien
Teknomagi Jannicke 720x450
Noregs fyrste astronaut fortel om vegen til verdsrommet
Teknomagi camilla 720x450
Teknologisk forestillingsevne vert ein avgjerande leiarkompetanse
Teknomagi paal 720x450
Frå Science fiction til røynd på ein torsdag
Teknomagi Finn 720x450
Teknologi i sjømatnæringa
Teknomagi arne stig 720x450
Underhaldning under middagen
Teknomagi Asgeir 720x450
AI-agentar gjer det umoglege mogleg
Teknomagi bjorn 720x450
Konferansier

Teknologi har alltid hatt noko magisk ved seg...

Vi står i ei ny bølgje av teknologisk utvikling, og det som før var framtidsvisjonar er ikkje berre realitetar – men moglegheiter. For å utnytte moglegheitene på ein trygg, ansvarleg og berekraftig måte må vi forstå teknologien.

På Teknomagi 2025 får du høyre frå dei som formar utviklinga, utfordrar det etablerte, og gjer teknologi til ein strategisk ressurs. Vi ser forbi overskriftene, på korleis bedrifter kan ta i bruk ny teknologi for å liggje i forkant av konkurransen.

  • KI har gjort sitt inntog i kvardagen vår, men kva er neste steg? Korleis implementerer vi ny teknologi i bedrifta på ein verdiskapande, sikker og berekraftig måte?
  • Den globale geopolitiske situasjonen utfordrar oss, og stiller nye krav til innovasjon, sikkerheit og kontroll. Korleis styrer vi med kløkt gjennom usikre tider?
  • Vi høyrer frå bedrifter som har lukkast i å utnytte teknologi som konkurransefortrinn. Kva er dei viktigaste fallgruvene vi må unngå?

Konferansen finn stad på NMK i Ålesund 12. juni 2025 kl. 10. Vi har med oss forfattar Bjørn Vatne som konferansier, og etter det faglege programmet kan du bli med på middag med underhaldning av Arne Hjeltnes og Stig Bareksten.

Meld deg på ved å fylle ut skjemaet lenger nede!

10.00Registrering, kaffi og drøs
10.20Velkomen
10.45Teknologisk forestillingsevne vert ein avgjerande leiarkompetanse
Camilla AC Tefpers
11.10AI-agentar gjer det umoglege mogleg
Asgeir Vikanes
11.30Lunsj
12.30Teknologi i Sjømatnæringa
Finn A Egeness, Nordea
13.00Frå science fiction til røynd på ein torsdag
Pål Haugen
13.45Pause
14.15Teknomagi og Cybersikkerheit
NTT Security, Fortinet, Tussa IKT
15.00Frå verdsrommet til Teknomagi
Jannicke Mikkelsen
15.45Pause
16.00Sofaprat med Pål, Finn, Asgeir, Camilla og Jannicke
16.30Oppsummering
17.00Middag og underhaldning av Arne Hjeltnes og Stig Bareksten