Førstehjelpskurs for alle som bur i bygdene våre
Etter vellykka runde med førstehjelpskurs før jul, startar vi opp igjen i februar.
Bli med på eit grunnleggjande førstehjelpskurs i samarbeid med Røde Kors. Kurset passar for både nybyrjarar og for deg som kan litt frå før og vil friske opp kunnskapen.
Bla ned for å melde deg på
Lær førstehjelp – kunnskap som kan redde liv
Vi inviterer deg til eit nyttig og praktisk kurs som gir deg tryggleik i møte med små og store naudssituasjonar. Undervisninga er hovudsakleg teoretisk, men vi legg også opp til litt praktisk trening for dei som ønskjer det.
Kurset passar for alle – og kan gjere ein avgjerande forskjell når det verkeleg gjeld. Det vert lagt opp til litt pauser og enkel servering – du kan melde deg på der det passar best. Kurset varer frå kl. 18-21.
- Ørsta/Volda, 25. februar på Tussatun i Hovdebygda. Instruktør Sigurd M. Aaslid
- Ulsteinvik, 5. mars hos Tussa Installasjon i Saunesmarka. Instruktør Olai Hoddevik
- Stryn, 12. mars hos Tussa Installasjon i Stryn. Instruktør Johnny Rustøen
Som kunde hos Tussa får du kurset GRATIS❣️
Det er eit avgrensa tal plassar på kvar lokasjon så vent ikkje for lenge med å melde deg på.