Frukostmøte: Når KI blir ein kollega!
Korleis skape verdi med kunstig intelligens – utan å miste kontrollen. Saman med twoday tjuvstarter vi Leiarkonferansen i Ulsteinvik 24. september med frukost og litt KI-prat.
Påmelding innan 20. september
Dette arrangementet er gjennomført. Ta gjerne ein titt på dei andre arrangementa våre under.
Alle snakkar om KI, men korleis går du frå nysgjerrigheit til nytte? På frukostmøtet får du konkrete råd om korleis kunstig intelligens kan skape verdi i arbeidskvardagen, samstundes som du held kontroll på data, tryggleik og risiko.
Dette er eit frukostmøte for leiarar og medarbeidarar som ønskjer å ta KI i bruk på ein trygg og verdiskapande måte.
Tid: Torsdag 24. september kl 08.00-10.00
Stad: Quality Hotel Ulstein
08:00 Velkommen til frukost
08:15. KI i praksis – fra Ide til verdi
Christoffer Haukås, Twoday
Korleis finn du dei rette bruksområda for KI, og kva skal til for å skape resultat? Christoffer Haukås deler erfaringar frå verksemder som har lukkast med å ta kunstig intelligens i bruk. Gjennom konkrete eksempel får du innblikk i korleis KI kan støtte arbeidskvardagen, korleis ein identifiserer gode bruksområde, og kvifor menneske, prosessar og endringsleiing er avgjerande for å lykkast.
09:00 Er KI din beste medarbeidar eller den største sikkerheitsrisikoen?
Norodd Dyrhovden, Tussa IKT
Når KI blir ein del av arbeidskvardagen, kjem det også nye krav til styring, tryggleik og ansvar. Norodd Dyrhovden deler erfaringar og råd om datadeling, risiko og kontroll, og viser korleis verksemder kan ta i bruk KI på ein måte som både skaper verdi og ivaretek krav til sikkerheit og etterleving.
Hugs å melde deg på i tide då det er eit avgrensa tal plassar. Frukostmøtet er gratis og ope for alle anten du skal på leverandørkonferansen eller ikkje.
Vel møtt!