Kva leitar du etter?

Frukostmøte Florø

Frukostmøte i Florø

Tussa IKT, Industridata og Hub for Ocean inviterer til frukostmøte og set søkjelyset på samarbeid, digitalisering og IT-sikkerheit.

Onsdag 9. september

Frå land til havs: IT, tryggleik og samarbeid i fokus

Nyleg inngjekk Tussa IKT og Industridata ei samarbeidsavtale som skal styrke IT-tilbodet til næringslivet på Vestlandet. På frukostmøtet får du høyre meir om bakgrunnen for samarbeidet og kva moglegheiter det opnar for kundane våre.

Vi tek også temperaturen på det digitale trusselbiletet og ser nærare på korleis kunstig intelligens kan vere både eit nyttig verktøy og ei utfordring for verksemder.

Tid: Onsdag 9. september kl 08.00 -10.00
Stad: Hub for Ocean sine lokaler i fugleskjærgata 11, 6905 Florø
 

Agenda

Det vert servert frukost frå kl 08.00

  • Tussa IKT og Industridata
    Norodd Dyrhovden, Tussa IKT informerer om samarbeidsavtalen
  • Industridata – ditt lokale IT-selskap på land og til havs
    Dagleg leiar Eivind Gulestøl tek oss gjennom Industridata si historie, tenester og satsingar.
  • Vi tek pulsen på sikkerheita i IT-miljøet ditt
    KI/AI – eit hjelpemiddel eller ein trussel? Norodd Dyrhovden, Tussa IKT
  • Hub for Ocean 
    Status og aktivitetar i haust ved dagleg leiar Stein Kvalsund

 

Vi håpar du vil starte dagen saman med oss for fagleg påfyll, gode diskusjonar og nettverksbygging. Vel møtt!

Påmelding innan 4. september