Kva leitar du etter?

1

Førstehjelpskurs for alle som bur i bygdene våre

Etter vellykka runde med førstehjelpskurs før jul, startar vi opp igjen i februar.


Bli med på eit grunnleggjande førstehjelpskurs i samarbeid med Røde Kors. Kurset passar for både nybyrjarar og for deg som kan litt frå før og vil friske opp kunnskapen.


Bla ned for å melde deg på

Tussa fyrstehjelp7
Lokale instruktører frå M&R Røde Kors, Olai Hoddevik var instruktør på kurset vi hadde på Hareid.
Tussa fyrstehjelp8
Godt oppmøte på kurset i Ørsta før jul, Sigurd M. Aaslid var instruktør.
Tussa fyrstehjelp
Mange testa ut hjarte- og lungeredning
Tussa fyrstehjelp3
Øving i brystkompresjonar, også på babydukker
Tussa fyrstehjelp9
Innføring i bruken av hjartestartar

Lær førstehjelp – kunnskap som kan redde liv

Vi inviterer deg til eit nyttig og praktisk kurs som gir deg tryggleik i møte med små og store naudssituasjonar. Undervisninga er hovudsakleg teoretisk, men vi legg også opp til litt praktisk trening for dei som ønskjer det.

Kurset passar for alle – og kan gjere ein avgjerande forskjell når det verkeleg gjeld. Det vert lagt opp til litt pauser og enkel servering – du kan melde deg på der det passar best. Kurset varer frå kl. 18-21.

  • Ørsta/Volda, 25. februar på Tussatun i Hovdebygda. Instruktør Sigurd M. Aaslid
  • Ulsteinvik, 5. mars hos Tussa Installasjon i Saunesmarka. Instruktør Olai Hoddevik
  • Stryn, 12. mars hos Tussa Installasjon i Stryn. Instruktør Johnny Rustøen

Som kunde hos Tussa får du kurset GRATIS❣️
Det er eit avgrensa tal plassar på kvar lokasjon så vent ikkje for lenge med å melde deg på.