Luke 9
Tussa Installasjon har nettopp flytta inn i nye lokale i Saunesmarka, ei ny og framtidsretta heimebane.
Apropos heimebane: I NRK-serien som utspelte seg nettopp i Ulsteinvik, møter vi ein fotballklubb i endring, og ei kvinne som tek styringa som hovudtrenar. Ho kjem inn i ein mannsdominert klubb, møter motstand og forventningar, og viser at både leiarskap og verdiar betyr noko.
Kva heiter skodespelaren som spelar hovudrolla som Helena Mikkelsen i serien Heimebane? Vi skal fram til førenamn og etternamn.
Dagens spørsmål:
Kva heiter skodespelaren?
Skodespelaren vi skal fram til har òg spelt mot Kristoffer Joner i dei kjende katastrofefilmane Bølgen og Skjelvet. Denne hausten har ho vore aktuell i den nye serien Koke Bjørn på Disney+.
Dagens premie
I dag kan du vinne lokalmat frå GODE GREIER – ei lita familiebedrift som held til på garden Gjerdsbakk på Dimnøya i Ulstein Kommune.
Tussa sin adventskalender
I årets adventskalender kan du bli med på ei reise der vi følgjer lyset gjennom bygdene våre: frå krafta som blir skapt i dei 29 kraftverka våre, til elektrikaren som fører lyset inn i heimen, og Tussafiberen som med lysets hastigheit knyter bygda til verda.
Sjå alle lukene