Luke 5
Tussa ligg langt framme når det gjeld teknologi. Etterspurnaden etter smarte, sikre og berekraftige løysingar aukar raskt, og difor inviterte Tussa og Nordea til ei konferanse utanom det vanlege. På Teknomagi fekk deltakarane oppleve korleis verksemder i regionen kan nytte teknologi for å liggje steget føre konkurrentane. Mellom dei mange inspirerande føredragshaldarane var Noreg sin første astronaut. Kva heiter ho? Vi skal fram til førenamn og etternamn.
Dagens spørsmål:
Kva heiter astronauten?
Personen vi skal fram til var fartøysjef på Fram 2, som utforska polarområda i tre dagar i april 2025. Ho vart slik den første som bar det norske flagget i verdsrommet.
Ho er òg filmfotograf, og har spesialisert seg på å kombinere tradisjonell filmfotografering med nye teknologiar.
Tussa sin adventskalender
I årets adventskalender kan du bli med på ei reise der vi følgjer lyset gjennom bygdene våre: frå krafta som blir skapt i dei 29 kraftverka våre, til elektrikaren som fører lyset inn i heimen, og Tussafiberen som med lysets hastigheit knyter bygda til verda.
Sjå alle lukene