LYSLØYPA
Luke 3
Det tek omlag 51 minutt å gå frå Tussa Installasjon i Hovdebygda til Ørsta rådhus.
Ørsta rådhus har også fått sin plass i norsk musikk, og er tittelen på ein song av Sirkel Sag, som også er kjent under namnet Skatebård. Men kva heiter denne artisten eigentleg? Vi skal fram til førenamn og etternamn.
Dagens spørsmål:
Kva er namnet på artisten?
Fornamnet til artisten finn du i det eine pseudonymet. Mellomnamn deler han med ein annan heimegut, også kjent som nynorsken sin far. Etternamnet passerer du langs Kvivsvegen rett før du kjem til Grodås.
Dagens premie
I dag kan du vinne Sunnmørsspelet.
Tussa sin adventskalender
I årets adventskalender kan du bli med på ei reise der vi følgjer lyset gjennom bygdene våre: frå krafta som blir skapt i dei 29 kraftverka våre, til elektrikaren som fører lyset inn i heimen, og Tussafiberen som med lysets hastigheit knyter bygda til verda.
Sjå alle lukene