Luke 24
Vi ønskjer deg ei retteleg god julehøgtid og eit godt nytt år!
I romjula 1949, medan julefreden senka seg over fjord og fjell, samla representantar frå kommunane Hjørundfjord, Vartdal, Volda og Ørsta seg til eit historisk møte på Møre folkehøgskule. Dei hadde eit felles mål: å sikre framtida med elektrisk kraft, noko dei kalla like viktig som dagleg brød.
Etter møtet var det middag, og stemninga var både høgtideleg og framtidsretta. Dei ville byggje kraftverk, kraftlinjer, samkøyre kraftlag og styrke sambandet mellom bygdene. Med dette vart Tussa fødd, som eit initiativ frå kommunar med framtidstru og samarbeidsvilje. Grunnlaget som vart lagt denne dagen har stått seg.
I dag er Tussa framleis kommunalt eigt, no av ni kommunar. Frå det første vasskraftverket på Bjørke har Tussa utvikla seg til eit av regionen sine største energi- og teknologikonsern med over 320 medarbeidarar.
Men målet står fast: å vere til gagn for folk og lokalsamfunn, og ha kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar.
Dagens spørsmål:
Kva er Tussa sitt slagord?
Dagens premie: Tussa-ryggsekk med fine premiar
På sjølvaste julaftan vil ein heldig vinnar få ein ryggsekk fylt av premiar frå årets adventskalender: Sunnmørsspelet, powerbank, pledd, vottar, sitjeunderlag og drikkeflaske.
Hovudpremie: Bose QuietComfort headset
For kvar luke du har svart på aukar sjansen for å vinne hovudpremien, eit Bose QuietComfort headset.
Tussa sin adventskalender
I årets adventskalender kan du bli med på ei reise der vi følgjer lyset gjennom bygdene våre: frå krafta som blir skapt i dei 29 kraftverka våre, til elektrikaren som fører lyset inn i heimen, og Tussafiberen som med lysets hastigheit knyter bygda til verda.
Sjå alle lukene