Luke 21
Tussa har teke eit stort samfunnsansvar for å få fiber ut til 99 prosent av innbyggjarane på søre Sunnmøre, frå inste fjord til ytste øy, gjennom fjell og dalar. Til og med Trandal har fått fiber, den veglause bygda ved Hjørundfjorden, kjend frå NRK-programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
Fiber er ikkje berre viktig for strøyming og gaming, men også for å halde oppe busetnad og arbeidsplassar på bygdene. Og på Trandal betyr det også mykje betre vilkår for festivalar som Trandalrock, Trandal Countryfestival og Trandalblues, der både artistar og publikum kan nyte musikk med fjordutsikt og full dekning.
Dagens rebus:

Vi skal fram til namnet på eit fjell!
Dagens premie: Urban Vitamin ladebank med MagSafe
Ladebanken festar seg magnetisk til telefonen og ladar trådlaust, raskt og utan styr med kablar. Det kompakte designet gjer at den er enkel å ta med i lomma eller veska, og passar perfekt når du treng ei trygg og effektiv opplading gjennom heile dagen.
Tussa sin adventskalender
I årets adventskalender kan du bli med på ei reise der vi følgjer lyset gjennom bygdene våre: frå krafta som blir skapt i dei 29 kraftverka våre, til elektrikaren som fører lyset inn i heimen, og Tussafiberen som med lysets hastigheit knyter bygda til verda.
Sjå alle lukene