LYSLØYPA
Adventskalender der vi følgjer
lyset rundt om i bygdene våre
Luke 2
Vi følgjer lysløypa til Ørsta, der Tussa har hovudkontoret sitt.
I vassmagasina som forsyner kraftverka våre, lagrar vi energi for framtida. Ved hovudkontoret vårt i Ørsta finn vi ei anna form for lagring, ei som handlar om data og digitale løysingar. Her har vi eitt av Noreg sine mest miljøvenlege datasenter, og herifrå leverer vi profesjonelle IT-tenester til verksemder i vår eigen region, men også i resten av Noreg og utlandet.
Dagens spørsmål:
Kva måler vi med måleeininga Mbps?
Mbps seier noko om kor fort du kan laste ned og opp data, surfe på nettet og strøyme video.
Dagens premie
I dag kan du vinne Urban Vitamin Powerbank med MagSafe.
Tussa sin adventskalender
I årets adventskalender kan du bli med på ei reise der vi følgjer lyset gjennom bygdene våre: frå krafta som blir skapt i dei 29 kraftverka våre, til elektrikaren som fører lyset inn i heimen, og Tussafiberen som med lysets hastigheit knyter bygda til verda.
Sjå alle lukene