Kva leitar du etter?

Luke 18

Vi følgjer lyset inn i Voldabadet.

I januar i år opna Voldabadet, eit topp moderne badeanlegg til stor glede for innbyggjarane i Volda. Tussa Installasjon stod for elektroinstallasjonen i symjehallen, som mellom anna inkluderer elkraftinstallasjonar, drukningsalarm, brannalarm, kameraovervaking og solcelleanlegg på taket.


Voldabadet byr på mykje, alt frå badstove med kaldkulp til vassklie og terapibasseng. Anlegget har også stupetårn i ulike høgder, men kor høgt er det høgste stupetårnet?
 

Dagens spørsmål: 

Kor høgt er det høgste stupetårnet i Voldabadet?

Dagens premie: Sunnmørsspelet

Sunnmørsspelet liknar på monopol i form, men har ein lokal vri med stadar, uttrykk og humor frå Sunnmøre. Her kan du blant anna kjøpe Tussa for kr 40 000.