Luke 14
Tussa er kanskje liten i nasjonal målestokk, men vi vil gjere ein stor forskjell lokalt. I 2025 delte vi ut 200 000 kroner gjennom Tussa berekraftsfond til prosjekt som fremjar berekraft og styrkjer lokalsamfunnet. Seks aktørar fekk støtte, to av dei i Sande kommune: Kvamsøy IL og Gjerdsvika IL. På ein av desse stadane har Tussa eit kraftverk.
Dagens rebus:
Finn ein stad i Sande kommune

Dagens premie: Spekelår frå Bøen Gard
Spekelår av lam frå Bøen Gard som er eminente landskapspleiarar og soleis har beita i fjøre og fjell på Hide og Hidsneset.
Tussa sin adventskalender
I årets adventskalender kan du bli med på ei reise der vi følgjer lyset gjennom bygdene våre: frå krafta som blir skapt i dei 29 kraftverka våre, til elektrikaren som fører lyset inn i heimen, og Tussafiberen som med lysets hastigheit knyter bygda til verda.
Sjå alle lukene