What are you looking for?

Solceller til Volda Mat

Volda Mat har heile tida vore bevisste på energieffektivisering. Då det ikkje var fleire tiltak å setje i verk, valde dei å montere solceller på taket.

- Vi nyttar mykje straum, og då vi ikkje hadde fleire energieffektiviseringstiltak å setje i verk i produksjonslokala våre, såg vi på den ledige plassen på taket. Her var det optimale solforhold, og vi kom fram til at solcellepanel var rette satsinga for bedrifta, seier Hege Skurtveit, dagleg leiar på Volda Mat.

Solcelleanlegget hos Volda Mat består av 204 panel og vil produsere om lag 52 000 kWh i året.

Energieffektivisering

Når ein kunde kontaktar Tussa med spørsmål om solceller, så er det viktig å sjå på bygget først og om det er potensiale for energieffektivisering.

- På Volda Mat har vi sett på alle moglegheiter for å sikre at bygget er drive så godt som mogleg. Deretter har vi sett på korleis vi kan produsere straum, seier Per Kristian Kile, avdelingsleiar næring i Tussa Installasjon.

Montering av solceller hos Volda Mat (alle foto: Oclin)

Få eit berekraftig og smart bygg

Betre teknologi, lågare produksjonskostnader og aukande etterspurnad etter fornybar energi har gjort solenergi til ei stadig meir attraktiv energikjelde, også på Sunnmøre.

Kontakt oss

Ønskjer du å vite meir om energieffektivisering eller solceller?

Kile Per Kristian

Per Kristian Kile

Gruppeleiar næring, Ulsteinvik

Send e-mail

Your name

Fill in your e-mail, so we can send you a reply.

Write your message or question here.