Nettverksløysing til Tyrholm & Farstad
AquaGen Profunda er eit fullsyklus stamfiskanlegg for laks. Tussa har vore totalleverandør av elektro, automasjon og IT til anlegget.
I Barstadvik på Sunnmøre ligg AquaGen Profunda, eit høgteknologisk fullsyklusanlegg for stamfisk med svært høgt biotryggleiksnivå. Her lever stamfisken heile livssyklusen sin, frå rogn til rogn, i eit landbasert anlegg på 6 300 kvadratmeter. Anlegget har fiskekar på opptil 12 meter i diameter og kapasitet til ein samla biomasse på 300 tonn. Kvart år blir det produsert om lag 80 millionar lakserognkorn for eksport.
– For oss er det viktig å ha ein IT-partnar som kjenner oss og behova vi har.
Daniel Aakre, AquaGen Profunda