Når IT blir ein del av produksjonen
Når produksjon, logistikk og forretningssystem er tett kopla saman, blir stabil drift og god sikkerheit avgjerande for å halde hjula i gang. Hos Hagen i Stryn er IT ein viktig del av fundamentet som gjer at verksemda kan levere kvar dag.
Hagen har produsert trapper i Stryn i generasjonar. Gjennom åra har verksemda utvikla seg frå tradisjonelt handverk til ei moderne produksjonsbedrift der teknologi spelar ei stadig viktigare rolle i den daglege drifta.
I dag er produksjonen avhengig av ei rekkje system som må fungere saman. Teikningar og ordre skal flyte gjennom organisasjonen, maskiner skal ha tilgang til rett informasjon, og tilsette i både produksjon og butikkar må kunne arbeide effektivt gjennom heile arbeidsdagen.
– Vi har produksjonen her i Stryn og butikkar over heile landet. Det er mange system som må spele på lag. Vi er heilt avhengige av at alt fungerer. Stoppar det, så stoppar produksjonen, seier John Herman Foss Hagen, adm.dir i Hagen AS.
Sjølv om mange framleis tenkjer på IT som ein støttefunksjon, har teknologi for mange produksjonsbedrifter blitt ein integrert del av verdikjeda. Når stadig fleire prosessar blir digitaliserte, aukar også konsekvensane dersom noko ikkje fungerer som det skal.
Det handlar ikkje berre om serverar og nettverk. Det handlar om tilgang til forretningskritiske system, kommunikasjon mellom lokasjonar og evna til å halde drifta i gang utan unødige avbrot.
For Hagen betyr det at IT-løysingane må fungere på tvers av produksjonsanlegg, butikkar og administrative funksjonar. Nokre tenester blir leverte frå lokale system, andre frå datasenter eller skya. Samtidig skal brukarane oppleve det som ei samla løysing.
Det er her Tussa IKT kjem inn som totalleverandør.
– Når folk og teknologi skal spele på lag er IT-løysinga heilt avgjerande. Vi sørger for at system, nettverk og brukarar fungerer saumlaust saman.
Gjennom samarbeidet med Tussa IKT får Hagen drift, nettverk, sikkerheit, brukarstøtte og forvaltning samla hos éin partnar. Målet er ikkje at kunden skal tenkje mest mogleg på IT. Tvert imot handlar det om å redusere kompleksitet og sikre at systema fungerer slik dei skal.
I ei tid der mange verksemder må forhalde seg til både lokale system, skytenester og stadig strengare krav til sikkerheit, blir evna til å sjå heilskapen viktigare enn nokon gong.
For Hagen handlar det i stor grad om tryggleik. Å vere sikre på at infrastrukturen fungerer, at dei tilsette kjem til systema dei treng, og at produksjonen kan gå som planlagt.
– Med Tussa som vår IT-partnar veit vi at det fungerer, og det gir oss ei tryggheit i kvardagen. Då kan vi fokusere på det vi er gode på.
Når IT fungerer slik det skal, får det sjeldan merksemd. Men for bedrifter som Hagen er det nettopp det som er poenget. Teknologien skal støtte drifta, slik at fokus kan vere der det høyrer heime: på kundane, produkta og verdiskapinga.
– Med Tussa som vår IT-partnar veit vi at det fungerer, og det gir oss ei tryggheit i kvardagen. Då kan vi fokusere på det vi er gode på.