Tussa Nett AS

Tussa Nett AS har ansvaret for overføring av all elektrisk energi på søre Sunnmøre og delar av Nordfjord.

Tussa Nett eig og vedlikeheld eit energiforsyningsnett med om lag 3 600 km linjer og kablar, 1 472 nettstasjonar og 19 transformatorstasjonar. Det er om lag 28 000 kundar i distribusjonsnettet, som dekkjer kommunane Hornindal, Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Regionalnettet dekkjer i tillegg kommunane Sykkylven og Stranda.
 
Tussa Nett driftar 14 000 gatelys på søre Sunnmøre, og leverer også entreprenørtenester og bustadalarm. 
 
Tussa Nett har 113 tilsette. Hovudkontoret ligg i Dragsund i Herøy kommune, og selskapet har avdelingar i Hornindal, Vanylven og Ørsta. Adm.dir. er Rune Kiperberg.