Tussa IKT AS

Tussa IKT AS leverer ulike kommunikasjons- og IT-produkt, fiber og breiband.

Tussa IKT har to forretningsområde: IT og kommunikasjon.
 

IT- tenester

Fleire bedrifter vel å setje ut heile eller delar av IT-drifta som følgje av auka krav til spesialkompetanse. Tussa dekkjer dette behovet ved å vere ein lokal og ansvarleg leverandør av IT-driftstenester. Gjennom ASP-konseptet tek Tussa IKT hand om dataløysinga til kunden.
 

Konsulent

Konsulentavdelinga utfører interne og eksterne oppdrag innanfor områda mobilitet, nettverk, sikkerheit, datalagring, serverteknologi og applikasjonsdrift.
 

Fjernkontroll

Avdelinga har ansvar for prosessdatamaskinsystemet Network Manager og fjernkontrollnodar for styring og overvaking av kraftanlegg og nettstasjonar. Vidare har avdelinga ansvar for vasstandsmålesystem, lettare fjernkontrollsystem, tilgangssystem og web-kamera. Tenestene blir hovudsakleg levert til Tussakonsernet, men også til eksterne brukarar.
 

Breiband

Tussa IKT har ei breibandsdekning på om lag 97 % av kommunane på søre Sunnmøre. Tussa IKT har også sett i verk ei offensiv fibersatsing mot privatmarknaden på søre Sunnmøre. 
 
Tussa IKT har hovudkontor i Ørsta, og selskapet har 42 tilsette. Adm. dir. er Ivar Driveklepp.