Tussa Energi AS

Tussa Energi AS produserer kraft, byggjer ut og driv vasskraftverk, og sel kraft på den nordiske kraftbørsen.

Tussa Energi eig og driv 17 vasskraftverk, og operer 2 vasskraftverk for Sunnmøre Energi. Samla normalproduksjon er om lag 670 GWh.
 
Kraftproduksjonen sel selskapet på den nordiske kraftbørsen. Handel på kraftbørsen blir gjort både for å redusere nedsiderisiko i form av prissikring av produksjonen framover i tid, innkjøp for Tussa-24 for å dekkje selde kontraktar, samt for å ta risiko i form av trading.
 
Tussa Energi har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta kommune. Det er 25 tilsette i selskapet. Adm. dir. er Elling Dybdal.