Merit Platform Partner AS

Merit Platform Partner AS er ein programvareleverandør som tilbyr design, drift og leveranse av maskinvareplattform, ASP-tenester, forvaltning og vedlikehald av applikasjonar.

Merit Platform Partner blei etablert av Merit Consulting og Tussa IKT i 2009. Selskapet skal tilføre meirverdi på forretningsapplikasjonane til nye og eksisterande kundar av Merit og Lawson Software. Merit Platform Partner er samlokalisert med Merit Consulting, og tenestene dei leverer er knytte opp mot miljøet som har kompetanse på levering av Lowson M3/Movex-forretningssystem.