Elsikkerhet Møre AS

Elsikkerhet Møre AS utfører myndigheitspålagde tilsynsoppgåver for nettselskapa på Sunnmøre.

Oppgåvene Elsikkerhet Møre utførerer er pålagde nettselskapa gjennom å ha ansvaret for Det lokale eltilsyn (DLE), og spenner seg frå brannetterforsking til kontroll av elektriske installasjonar og gjennomgang av internkontrollrutinar hos ulike verksemder.
 
Eigarskapen i Elsikkerhet Møre er fordelt med 1/3 til Tussa Nett, 1/3 til Tafjord Kraftnett og 1/3 til selskapa Nordvestnett, Sandøy Energi, Ørskog Energi, Nordal Energi, Sykkylven Energi og Stranda Energiverk.
 
Elsikkerhet Møre har hovudkontor på Sjøholt. Selskapet har tilsette i Tussa sine lokasjonar i Ørsta og Herøy.