Tussa-24 blir Wattn

 
Vi gjer oss klare til lansering av straumselskapet Wattn. Fakturaen kjem som normalt i oktober. Men frå november vil Wattn stå som avsendar på straumfakturaen. Her har vi samla litt viktig informasjon til deg som er straumkunde hos oss:
 
Straumavtalen din
  • Avtalen/avtalane du har med Tussa-24 vert vidareført til Wattn.
  • Vi skifter namn på straumavtalane våre, men pris og vilkår vert ikkje endra.
  • Når ny kundeside, kundeapp og bedriftsportal blir lansert, vil du få tilsendt informasjon om innlogging. Her vil du finne utfyllande informasjon om kundeforholdet ditt og gjeldande avtale.

Faktura  
  • Faktura i oktober kjem som normalt frå Tussa-24.  
  • I november vil du motta første faktura med Wattn som avsendar.
  • Avtalar om EHF-faktura for bedrift, eFaktura, e-postfaktura, SMS-faktura, Digipost og AvtaleGiro vert vidareført til Wattn utan at du treng å gjere noko. 
  • Betalar du faktura manuelt, må du vere merksam på endring av konto- og KID-nummer som står på faktura frå Wattn.  
  • Har du avtale om anna enn månadleg fakturering? Då vil du motta ein ekstra faktura på gjeldande målepunkt, med avrekning av forbruket ditt fram til 1. oktober. 
Nettleige og straum på same faktura - superenkelt for deg!
Wattn får avtale om gjennomfakturering med 6 nettselskap. Det betyr at enda fleire kundar får straum og nettleige på same faktura frå 1. november.
 
 
Her er nettselskapa vi får avtale med: 
  • Mørenett - både bedrift- og privatkundar
  • Linja - både bedrift- og privatkundar
  • BKK Nett - både bedrift- og privatkundar
  • Sygnir - både bedrift- og privatkundar
  • Elvia (tidl. Hafslund Nett) - berre privatkundar
  • Tensio TS - berre privatkundar
Du treng ikkje gjere noko. Har du straumavtale hos oss på målepunkt i desse nettselskapa sine område skjer det automatisk.
 
Bedriftskundar med eigne gjennomfaktureringsavtalar vil behalde desse som før.

 
Informasjon til deg som brukar Di side og Tussa kundeapp
  • I perioden 28. september til 5. oktober vert tilgangen til desse avgrensa
  • Ta kontakt med oss om du ønsker å bytte straumavtale, melde flytting eller gjere andre endringar i kundeforholdet ditt
  • Etter 5. oktober kan du logge inn for å sjå forbruks- og faktura-historikk. Faktura med forfall i oktober, vil også vere tilgjengeleg
  • Grunna omlegging av system vert ikkje anna informasjon oppdatert etter 1. oktober. 
I oktober/november lanserer Wattn ny kundeside og ny kundeapp for privatkundar på straum. Vi lanserer samtidig ny bedriftsportal for bedriftskundane våre. Historiske data for faktura og straumforbruk vert vidareført dit. Du vil motta informasjon om dato for lansering og innlogging til desse tenestene frå Wattn seinare. 
 
 
Wattn er det nye straumselskapet ditt. Det er vi som driv med rådgiving og sal av straum i Tussa-24, Tafjord Marked, SFE Kraft og Sognekraft Straum, som har blitt Wattn. Saman gler vi oss til å gi deg Norges beste kundeservice, god innsikt i kva du brukar straumen din på, og gode tips om korleis du kan spare både straum og pengar i kampen om ein meir berekraftig kvardag. Wattn - Positivt lada. Alltid.

Dei andre selskapa i Tussa-konsernet vert ikkje berørt av namnendringa og vil halde fram som før!


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300