Tussa-24 skiftar namn til Wattn, og det fører til nye faktureringsrutinar

 
Vi gjer oss klare til lansering av straumselskapet Wattn. Fakturaen kjem som normalt i oktober. Men frå november tilbyr vi ikkje lenger samlefaktura for straum og internett/digital-tv. Det betyr at fakturaen for straum vil kome frå Wattn, og fakturaen for internett og digital-tv vil kome frå Tussa IKT. 
 
 

For kundar på internett og digital-tv!

 
Faktura for internett og digital-tv
På faktura frå Tussa IKT  i november, skal innbetalinga skje til nytt konto- og KID-nummer. Forfallsfristane vert uendra.
 
Informasjon om EHF-faktura, eFaktura og Digipost;
Har du avtale om EHF-faktura (bedrift), eFaktura eller Digipost vil du få fakturaen som før. 
 
Informasjon om AvtaleGiro;
Ønsker du AvtaleGiro må du opprette ny avtale med Tussa IKT. Dette må du gjere ETTER at du har betalt faktura med forfall i oktober. For å unngå fakturagebyr bør du velje eFaktura, e-post-, eller SMS-faktura i tillegg.
 
Informasjon om eFaktura;
Dersom du har akseptert eFaktura frå alle tilbydarar i nettbanken din («ja-takk til alle»), vil faktura frå Tussa IKT bli sendt som eFaktura, sjølv om du tidlegare har fått fakturaen på e-post, SMS eller giro.  

Brukar du Tussa Di side og/eller Tussa sin kundeapp? 
Du kan bruke Di side og Tussa-appen som før for internett- og digital-tv-tenestene til Tussa. 
 
 

For straumkundar! 

 
Straumavtalen din
  • Avtalen/avtalane du har med Tussa-24 vert vidareført til Wattn.
  • Vi skifter namn på straumavtalane våre, men pris og vilkår vert ikkje endra.
  • Når ny kundeside, kundeapp og bedriftsportal blir lansert, vil du få tilsendt informasjon om innlogging. Her vil du finne utfyllande informasjon om kundeforholdet ditt og gjeldande avtale

Faktura  
  • Faktura i oktober kjem som normalt frå Tussa-24.  
  • I november vil du motta første faktura med Wattn som avsendar.
  • Avtalar om EHF-faktura for bedrift, eFaktura, e-postfaktura, SMS-faktura, Digipost og AvtaleGiro vert vidareført til Wattn utan at du treng å gjere noko. 
  • Betalar du faktura manuelt, må du vere merksam på endring av konto- og KID-nummer som står på faktura frå Wattn.  
  • Har du avtale om anna enn månadleg fakturering? Då vil du motta ein ekstra faktura på gjeldande målepunkt, med avrekning av forbruket ditt fram til 1. oktober. 
Nettleige og straum på same faktura
Wattn får avtale om gjennomfakturering med 6 nettselskap. Det betyr at enda fleire kundar, utan ekstra kostnad, får straum og nettleige på same faktura frå 1. november. 
 
Her er nettselskapa vi får avtale med: 
  • Mørenett - både bedrift- og privatkundar
  • Linja - både bedrift- og privatkundar
  • BKK Nett - både bedrift- og privatkundar
  • Sygnir - både bedrift- og privatkundar
  • Elvia (tidl. Hafslund Nett) - berre privatkundar
  • Tensio TS - berre privatkundar
Du treng ikkje gjere noko. Har du straumavtale hos oss på målepunkt i desse nettselskapa sine område skjer det automatisk.
 
Bedriftskundar med eigne gjennomfaktureringsavtalar vil behalde desse som før.

 
Informasjon til deg som brukar Di side og Tussa kundeapp
  • I perioden 28. september til 5. oktober vert tilgangen til desse avgrensa
  • Ta kontakt med oss om du ønsker å bytte straumavtale, melde flytting eller gjere andre endringar i kundeforholdet ditt
  • Etter 5. oktober kan du logge inn for å sjå forbruks- og faktura-historikk. Faktura med forfall i oktober, vil også vere tilgjengeleg
  • Grunna omlegging av system vert ikkje anna informasjon oppdatert etter 1. oktober. 
I oktober/november lanserer Wattn ny kundeside og ny kundeapp for privatkundar på straum. Vi lanserer samtidig ny bedriftsportal for bedriftskundane våre. Historiske data for faktura og straumforbruk vert vidareført dit. Du vil motta informasjon om dato for lansering og innlogging til desse tenestene frå Wattn seinare. 
 




 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300