Tussa Ladestasjon over straumrekninga

Heimeladar til elbil - betal over straumrekninga!

Med ladestasjon installert i garasjen får du ei komfortabel og rask lading heime, samtidig som du er trygg på at sikkerheita er optimal. Ladestasjonen er skalerbar, og passar til alle typar av elbil og ladbare hybridbilar på marknaden.

Tussa ladestasjon 16 A kr 499,- pr. md. i 36 md. (Totalt kr 17 964)
Tussa ladestasjon 32 A kr 599,- pr. md. i 36 md. (Totalt kr 21 564)
 
Prisen inkluderer
Ladestasjonen vert levert ferdig installert og inkludert i pakken er 10 meter kabel frå sikringsskap, automatsikring og jordfeilbrytar type B.
Ladestasjonen vert installert med standard 16A lading, og  kan oppgraderast til 32A.
 
Med atterhald om boring i betong, føringsvei i grøft og nødvendig plass i sikringsskap med tilstrekkeleg kapasitet og montert overspenningsvern. Arbeid utover standard føringsveg vert avtala i kvart enkelt tilfelle i forkant av installasjon. Der avstand til kunde overstig 30 km tur/retur, kjem normale transportkostnader i tillegg.
 
16 Ampere eller 32 Ampere?
16 ampere held til dei fleste formål der bilen kan lade over natta. Har ein behov for å lade bilen raskare bør ein velje 32 ampere om dette går i høve til hovudsikringa i huset. Ein tommelfinger-regel er 1,5 mil lading pr. time på 16A og 3,5 mil lading pr. time på 32A.
 
Krav til lading av elbil
Det er framleis mange som dagleg ladar elbil frå vanleg stikkontakt med ladekabel som følgjer med som standard. Ved bruk av stikkontakt for fast lading av elbil er det krav om jordfeilbrytar type B og maks 10A sikring på dedikert kurs. Brukar du vanleg stikkontakt er du pålagd å bruke godkjent strekkavlastning på ladekabel under lading. Sjekk stikkontakten ofte for skadar og misfarging frå varmgang.
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 700 46 300
 
 
 
 

Straumglede