Marknadskommentar
(31.08.2018)
 

Kraftig prisoppgang for kraft

Det har vore ein av dei tørraste og varmaste sommarane i manns minne. Lite vatn i dei norske vassmagasina i lag med stigande kol- og kvoteprisar i Nord-Europa, har ført til at vi no ser kraftprisar som er høgare enn det vi har vore vande med dei siste åra.

Dei hydrologiske magasina i Norden har i veke 33 eit avvik frå normalen på -24,5 TWh. Det våte været på Vestlandet dei siste vekene har ført til noko betring, men vi må ha ein svært våt haust dersom vi skal nærme oss normal fyllingsgrad.
 
Der er også andre forhold som påverkar kraftprisen i Norden. Kjernekraftanlegga Oskarshamn 3 (1400 Mw) er tatt ut for revisjon og Ringhals 4 (1100 Mw) skal ut i revisjon komande veke. Det er planlagt at kjernekraftanlegga i Norden skal ha ein produksjon på 62% av normalproduksjonen i komande veke.
 
Den viktige kolprisen held seg rundt 90 dollar per tonn, og i tillegg har prisen på CO2-kvoter auka raskt og er no over 21 euro/tonn. Kolprisen er viktig for kraftprisen i Nord-Europa og den påverkar også prisen i Norden når det er lite vatn i vassmagasina og låg kjernekraftproduksjon.
 
 
FYLLINGSGRAD PER VEKE I NOREG 2018: Den blå lina viser fyllingsgrad i norske vassmagasin hittil i år. Den grøne lina viser normalen (medianverdien) frå 1993 til 2017. Dei raude og lilla linene viser høvesvis dei høgaste og lågaste nivåa som er målt i perioden 1993 til 2017.
 
 
Publisert: Fredag 31.08.2018

Per-Are Sørheim
Direktør, Tussa 24 AS

Kjelder og vidare lesing:
 
 
 
 
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 700 46 300
 
 
 
 

Straumglede