Tenk smart - spar pengar!

Ei vanleg familie som ikkje tenkjer enøk i dag, kan fort spare fleire tusen kroner i året ved å ta i bruk enkle enøk-tiltak. Og det beste av alt; dei fleste kan spare utan å gjere store investeringar!

 
Reduser kostnadene
Både energi- og nettkostnader kan for dei aller fleste reduserast. Her er nokre enkle tips om korleis du og familien din kan spare straum
 
Vurderer du andre energiformer enn straum?
Her kan du finne kva som er mest lønsamt for deg. Legg pris på til dømes ved, og få kWh-prisen. Prøv energikalkulator her!
 
Søk Enova om støtte
Private hushaldningar kan søkje støtte frå Enova til tiltak som bidreg til lågare straumforbruk og meir miljøvennlege oppvarmingsløysingar.
 
Enova har fleire ordningar som kan gi støtte til energitiltak i private bustadar. Til dømes kan ein søkje støtte til inntil 20 % av dokumenterte kostnader ved kjøp av pelletskaminer, pelletskjelar, sentrale styringssystem, solfangarar for tappevassoppvarming og varmepumpe (ikkje luft-til-luft varmepumper).
 
Det er viktig å søkje om støtte før ein går i butikken og handlar.
 
Meir om dei forskjellige støtteordningane kan du lese ved å gå inn på Enova si heimeside. Der finn du også meir informasjon.
 
 
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300