Straumsparetips!

 
Kjøp produkt med rett energimerke. Ei oppvaskmaskin med energimerket
A++ brukar ca. 55 % mindre straum enn eit apparat merkt med B.
 
Bruk tettelister i alle sprekker! Fjern trekk frå gamle vindauge og dører. Ikkje gløym loftsluka om du har det.
 
Legg meir isolasjon på loftet! Varmen stig opp, og har huset lite isolasjon på loftet slepp varmen ut.
 
Senk temperaturen. For kvar grad du senkar, blir straumforbruket redusert med 3-5 %.
Eit styringssystem kan vere ei god investering.
 
Heng opp kle til tørk. La tørketrommelen kvile. Tørketrommelen brukar 1,8-2,4 kWh per tørk.
Dermed kan du spare hundrelappar i året på å bruke tørkesnora.
 
Bruk sparepærer. Dei varer 4 gonger så lenge som glødepærer og brukar mindre energi.
 
Bruk vasskokar. Det er billegare å varme opp vatnet i ein vasskokar og han brukar mindre energi.
 
Sjekk kranene i huset ditt. Ei varmtvasskran som dryp kan auke straumkostnadene dine med
150-300 kroner i året.
 
Skru elektriske apparat heilt av i staden for å la dei stå i stand-by.
Altfor mange brukar stand-by funksjonen på TV, DVD, stereoanlegg og datamaskiner. Skru av TV-en med av-knappen og trekk mobil- og batteriladaren ut av støpslet når apparatet er ferdig ladd. Dei elektriske apparata brukar kanskje ikkje så mykje straum kvar for seg, men til saman kan det utgjere mykje i løpet av eit år.
 
Luft raskt og effektivt, gjerne med vidopne vindauge og full gjennomtrekk i fem til ti minutt. Det er langt meir energieffektivt enn å ha vindauget på gløtt heile dagen. Skru av alle omnar medan du luftar.
 
Kjøp varmepumpe!
Dersom du har varmepumpe, reins jamleg filteret på varmepumpa di. Eit reint filter vil betre effekten av varmepumpa og dermed sparer du energi. Eit tett filter vil bruke meir energi ettersom det er stor motstand når lufta skal gjennom filteret. Støvsug filteret omtrent kvar fjortande dag, litt avhengig av bruk. I tillegg er det lurt å ta eit ettersyn på ute-delen i ny og ne. Sjå etter at han ikkje er dekt av lauv eller at han ikkje snør ned om vinteren.
 
Har du ein gammal vedomn? Kjøp ein ny reintbrennande omn. Då får du meir varme ut av kvar vedkubbe. Samtidig får du eit lågare utslepp av forureining frå vedfyring.
 
Slå av lyset i rom som ikkje er i bruk!
 
Lat att døra til alle kalde rom!

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300