Kor mykje straum brukar dingsane?

Nokre morofakta du kan dele i neste familieselskap eller bruke som 'icebreaker' i ei kva som helst slags anledning.

Livet, som vi kjenner det, er bygd opp av elektrisitet. Det usynlege, som kjem ut av stikkontakten i veggen og gir liv til kjøleskapet, kaffitraktaren, komfyren, tannkosten, mobilen, ruteren – alt vi er så avhengige av kvar dag. Men kor mykje straum brukar eigentleg dei elektriske dingsane våre?

Det korte svaret er: lite. Medan det lange er litt lengre. Har du to minutt skal du få nokre morofakta du kan dele i neste familieselskap eller bruke som 'icebreaker' i ei kva som helst slags anledning.

Er du ein vanleg kaffielskar?
Mange har nesten eit religiøst forhold til kaffi. Spesielt morgonkaffien er heilag. Den fyrste rykande varme  kaffikoppen om morgonen kan ofte avgjere om det blir ein god eller ein dårleg dag. Openbert dei andre koppane også, for flest arbeidstakarar svarer «kaffi» på spørsmålet om det er noko dei aldri kunne klart seg utan på jobb. Er du ein heilt vanleg kaffielskar med heilt vanlege kaffirutinar, kostar ein heilt vanleg kaffitraktar i bruk om lag 312 kroner i året.

Underhaldning og dei gøyale dingsane
Eit år med normal TV-titting på ein 55 tommar LED-TV kostar deg 150 kroner i året. Eit godt gamaldags stereoanlegg med 2 x 350 watt forsterkar på behageleg lyttevolum kostar 64,- kroner i året. Playstation 4 i heftig spelmodus 80 kroner, og ladar du mobiltelefonen kvar dag i eit år må du ut med 4-5 kroner – avhengig av kva mobil du har. Trådlause øyrepluggar 1 krone, berbar PC rundt 35 kroner, robotstøvsugar 30 kroner og el-sparksykkel 90 kroner.

Utan mat og drikke duger helten ikkje
Tek vi ein tur på kjøkkenet, kostar det deg 468 kroner i året å halde kvitosten, mjølka og dei andre matvarene kjølig i kjøleskapet. Vanleg bruk av komfyren kjem på 800 kroner i året, brødristaren, 10 kroner. Let du oppvaskmaskina ta oppvasken kostar det deg 650 i året – verdt å bruke pengar på – spør du oss. Tennene må du pusse, men du treng ikkje pusse dei sjølv. Ei elektrisk tannbørste gjer antakeleg jobben betre og kostar berre 1 krone og 50 øre å lade i året. 

Tromlane i vaskekjellaren går rundt, rundt, rundt
I vaskekjellaren snurrar tromlane om kapp. Reine kle kostar deg 650 kroner i året, medan bruk av tørketrommelen mellom 450-650 kroner, alt etter kor mykje du vel å bruke han. Og vil du ha det lyst og triveleg inne må du bla opp med 2 500 kroner i året for å få lys i lampar, spottar og down lights.
 
Smått er smått og oppvarming er Store Ulv
Oppsummerer vi smått og smått snakkar vi framleis småpengar. Det dyraste du kan gjere med straum i huset er oppvarming og oppvarming av vatn. Behageleg innetemperatur i eit år kostar deg faktisk 14 500 kroner, medan du for eit normalt forbruk av varmt vatn må ut med rundt 5 000 kroner. Senkar du varmen med ei grad inne kan du spare om lag 5 % av oppvarmingskostnaden og likevel ha eit godt inneklima. Kva med å ta fram ullsokkane og favoritt-kosegensaren, og kutte ned dusjen med nokre få minutt kvar gong? Det kan du faktisk spare ein del på i løpet av eit år!

Straumrekninga i prosent
Vi minner om at straumrekninga kan delast i tre:

34 prosent er skattar og avgifter til staten
33 prosent er nettleige
33 prosent er straumforbruket

Av dei 33 prosentane som straumforbruket ditt utgjer, går

55-60 prosent til oppvarming
20 prosent til varmtvatn
10-15 prosent til elektriske apparat
10 prosent til belysning
 

Så der har du det ­– morofakta om straum. Lykke til med small-talken! 😉

PS! Berekningane er basert på ein straumpris på 100 øre per kWh inkl. nettleige og avgifter til Staten.

Morofakta-bonus!
Har du elbil med eit batteri på 75 kWh kostar det 75 kroner å lade batteriet heilt opp. Ein el-bli brukar i snitt 2 kWh pr. mil, og køyrer du 20 000 km pr. år må du ladet batteriet ein gong i veka. På eit år hamnar dei elektriske drivstoffutgiftene på den nette sum av 3 900 kroner i året. Kjekt å vite det også, ikkje sant?


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300
 
 
 
 

Straumglede