Kaldt og tørt vêr gir høgre straumprisar i år

Difor er straumprisane høgare i år enn i fjor

Etter eit år med rekordlåg straumpris, er den på nyåret 2021 tilbake på eit meir normalt nivå. Kvifor er det slik og kva kan vi vente oss framover? Her er svar på nokre av dei vanlegaste spørsmåla.

I fjor var gjennomsnittleg spotpris på kraftbørsen Nord Pool 11,6 øre per kilowattime. Det er den lågaste årsprisen som nokon gong har vore registrert på børsen. Til samanlikning var prisen over tre gonger så høg i 2018 og 2019. Snittprisen dei siste 10 åra har vore 27,8 øre per kilowattime. Straumen utgjer normalt éin tredel av samla rekning, ved sida av nettleige og offentlege avgifter.
 
Kvifor var prisane så låge i fjor?
Dei låge straumprisane skuldast god tilgang på kraft i kombinasjon med lågare straumforbruk enn normalt. Svært mykje regn og snø i fjellet og gode vindforhold gav rekordhøg kraftproduksjon. I tillegg var 2020 det varmaste året som nokon gong er målt, dermed brukte vi mindre straum til oppvarming. På toppen av dette var det avgrensa kapasitet på kablane til nabolanda våre, noko som reduserte moglegheita til å eksportere overskotskraft. Dermed blei straumprisane pressa endå lengre ned.
 
Kva skuldast den store prisauken vi har sett etter nyttår?
Prisauken etter nyttår skuldast i hovudsak tørrare og kaldare vêr. Det gjev mindre nedbør til vasskraftproduksjon og samstundes høgare straumforbruk til oppvarming. I tillegg har det vore mindre fart i vindkrafta både i Norden og på kontinentet. Prisane her heime vert påverka av forholda i resten av Europa, ettersom kraftmarknaden er tett kopla saman. Når tilgangen på fornybar energi går ned og etterspørselen går opp, stig prisane.
 
Kva ventar marknaden resten av vinteren?
Månadskontraktene til og med april vert no handla for mellom 35 og 45 øre per kilowattime på Nasdaq-børsen. Det er ikkje unormalt for årstida. Men prisane kan svinge både over og under dette, avhengig av kva vêr vi får dei komande månadane. Mildt og vått vêr vil presse prisane ned, mens kaldt og tørt vêr vil presse prisane opp.
 
Kvifor aukar prisane når kraftmagasina er fulle av vatn?
Det er rett at vi har god tilgang på vatn i magasina ved inngongen til året. Men vatnet skal halde til kraftproduksjon gjennom heile vinteren. Når meteorologane meldar tørt og kaldt vêr både i Noreg og i nabolanda våre, og det i tillegg er låg vindkraftproduksjon, vil vasskrafta bli høgare prisa.  
 
Kva betyr auka vindkraftproduksjon for prisane?
Om lag åtte prosent av kraftproduksjonen i Noreg kjem no frå vindkraft. Meir vindkraft bidreg isolert sett til lågare straumprisar. Men ettersom produksjonen varierer etter vindforholda, vil vi også få meir ustabile prisar. Difor er det viktig å vidareutvikle den meir fleksible vasskrafta som kan regulere produksjonen opp og ned etter behov.
 
Korleis påverkar krafthandel med andre land prisane her heime?
Norge har hatt Europas lågast straumprisar i over 20 år, samstundes som vi har auka krafthandelen med nabolanda våre. Sidan 1960 har vi fått kablar til Sverige, Danmark, Finland, Russland, Nederland og Tyskland. Nå byggast også verdas lengste sjøkabel mellom Noreg og England. Kablane har gjeve oss tryggare straumforsyning, meir stabile straumprisar og aukar verdien av den fleksible norske vasskrafta. Utan kablar kunne straumprisane i Norge vore to-tre gonger høgare om vinteren.
 
Kjelde: Energi Norge

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300
 
 
 
 

Straumglede