5 myter om straum

Når ting blir sagt ofte nok har det ein tendens til å bli ei uskriven sanning. Her er fem påstandar mange let seg lure av.

myterogfakta 688x340.jpg
Vi tok oss ei runde på huset og sjekka opp kva myter kollegaene våre hadde høyrt om straum. No må det seiast at vi er litt meir enn gjennomsnittet interessert i temaet, og har full forståing for at det kan vere vanskeleg å forstå. It’s a jungle!
 

1. Det er dyrt å lade mobilen!

FEIL! Heldigvis 😉 …det er dyrt nok å skaffe seg ein mobil spør du oss. Set du denne favorittdingsen på lading kvar dag kostar det deg faktisk berre 4-5 kroner i ÅRET.
 

2. Vaskemaskinen og tørketrommelen sluker straum

FEIL! Mange trur at vaskemaskinen og tørketrommelen er ein stor utgiftspost for ein familie, men det stemmer faktisk ikkje. Med tanke på at ei gjennomsnittsfamilie med einebustad brukar om lag 25 000 kWh i året utgjer klesvasken berre ein liten del av reknestykket. Av totalforbruket per år bruker vaskemaskina om lag 520 kWh og tørketrommelen om lag 470 kWh. Omrekna i kroner og øre vert det 990 kroner. Ja, vi snakkar framleis per år her folkens! For mindre enn 3 kroner dag, er i alle fall vi glade vi slepp å vaske kle for hand i ein iskald vaskekjellar😉
 

3. Ikkje skru opp og ned romtemperaturen

FEIL! I følge Enova brukar vi i gjennomsnitt 55 % av straumen på oppvarming, så då seier det seg sjølv at det kan lønne seg å justere temperaturen litt. For kvar grad du kan senke temperaturen, og framleis ha det komfortabelt varmt i rommet, så vert kostnaden til oppvarming redusert med 4-5%. På folkemunne seier vi at ’20 er bra for hue’. Så her er eit Hot tips! Finn frem favorittkosejakka og ullsokkane frå besta! Nattsenking på varmekablar og panelomnar kan også gi nokre ekstra kroner i lommeboka. Så her fekk du noko å tenkje på😊.
 

4. Heldigvis er det vasskraft, då kan vi sløse, for vatn har vi nok av

Nei og atter nei – sløse gjer vi ikkje! I Noreg både importerer og eksporterer vi straum. Bruker vi mykje straum her til lands må vi importere straum frå andre land som kanskje ikkje har ein like miljøvenleg produksjon som oss. Bruker vi mindre straum kan vi eksportere straum til andre land slik at dei kan erstatte meir forureinande kjelder. Planeten er felles. La oss ta vare på den saman!
 

5. Det er dumt å ha ein spotprisavtale

FEIL! I følge offentlege berekningar for dei siste ti åra, viser det seg at spotprisavtale er det mest lønsame valet. Spotprisen beveger seg opp og ned i takt med marknaden. Ønskjer du ein meir føreseieleg økonomi kan det være lurt å velje ein fastprisavtale når fastprisen er låg. Men, som sagt, i det lange løp er det topp med spot!

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300
 
 
 
 

Straumglede