Straum

Elsertifikat - kva er det?

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) innførte frå 1. januar 2012 ei ordning med elsertifikat i Noreg. Stortinget har vedteke at Noreg skal inngå i ei felles elsertifikatordning med Sverige, blant anna som eit ledd i oppfølginga av EU sitt fornybardirektiv.

Ordninga gjeld alle husstandar og bedrifter, og er eit verkemiddel for å auke kraftproduksjonen frå fornybare energikjelder. Auke vil primært kome i form av nye vass-, vind- og biokraftverk. Det overordna målet er å redusere bruken av fossile energikjelder.

Elsertifikatordninga er eit marknadsbasert støttesystem som sørgjer for at dei mest kostnadseffektive kraftprosjekta vert bygd først. Det sikrar oss mest mogleg straumproduksjon pr. investert krone, og dermed lågast mogleg kostnad for straumkundane.

Kva vil dette seie for deg som kunde?
Stortinget har bestemt at ordninga skal finansierast av straumkundane gjennom høgare pris pr. kWh. NVE forventar at elsertifikat i 2014 vil utgjere mellom 1,2-1,8 øre/kWh av straumprisen. Det utgjer om lag 240-360 kroner (inkl. mva) for eit hushald med eit årleg forbruk på 20 000 kWh. I tillegg kjem administrative kostnader for straumselskapet.
 
Slik vert straumutgiftene dine fordelt i 2014!
Grafen er utarbeidd etter ein forventa snittpris på om lag 40 øre/kWh og med eit årleg forbruk på 20 000 kWh.
 
 
Ønskjer du å lese meir om elsertifikat, kan du gå inn på:
eller