100 % vasskraft
Hos Tussa kan du som kraftkunde velje at straumen du kjøper skal vere 100 % vasskraft frå Tussa sine kraftverk.
100 % vasskraft er eit produkt som kjem i tillegg til den ordinære straumavtalen din.
For kr 1,- per dag får du opphavsgaranti på straumen du kjøper. Det betyr at det vert produsert ei like stor mengde vasskraft frå Tussa sine kraftverk som den straumen du brukar i bustaden din.
Gode grunnar til å velje 100 % vasskraft
Ved å kjøpe straum frå Tussa som er basert på opphavsgarantiar, bidreg du til å etterspørje straum som kjem frå fornybare energikjelder. Straumen er altså basert på 100 % vasskraft og vert produsert heilt utan utslepp av drivhusgassen CO2 og utan radioaktivt avfall. Dermed støttar du klimavennlege energiløysingar.
Leveringa vert stadfesta av ein revisor hos Ecohz ASA.
100 % vasskraft frå Tussa betyr at du tek eit val som gagnar naturen og miljøet vårt.
Tussa produserer om lag 700 GWh vasskraft i året frå 22 kraftverk spreidd over heile søre Sunnmøre, noko som forsyner over 30 000 gjennomsnittshushald med straum i eit år.