Installasjon

Varmekablar

Varmekablar gir deg god og jamn varme under føtene. I tillegg har dei lang levetid, rundt 25-30 år. Temperaturen regulerer du lett med hjelp av ein termostat som kan tilpassast heile døgnet. Elektrisk golvvarme krev heller ikkje vedlikehald utover forskriftsmessig ettersyn. Varmekablar har vanlegvis blitt brukt til våtrom, men trenden har blitt å bruke det i fleire rom i huset.

Varmekablar kan gjerne også brukast utandørs. Varmekablar i takrenna er ei god investering som vil gjere vinterkvardagen mykje enklare. I tillegg skaper du betre sikkerheit både for deg og familien, og ikkje minst forbipasserande. Ved hjelp av varmekablar i takrenna vil snøen smelte i staden for å danne farlege istappar som heng frå taket. Kablane er sjølvregulerande, som betyr at varmen tilpassar seg sjølv i forhold til snømengda.

Uansett kva for varmekablar du vel er plasseringa diskré og ei god investering som gir optimal varme.

 
 
 
 
Kontakt
 

Tussa Installasjon

Ulsteinvik tlf. 70 00 90 30
Ørsta tlf. 70 04 93 00

installasjon@tussa.no