Installasjon
Varme banner687x221.jpg

Varme

Er du lei av at det er kaldt på badet om morgonen, eller at bustaden din er kald når du kjem heim frå jobb? Vi hjelper deg med å finne den optimale løysinga for behova dine.
 
Stadig fleire huseigarar og bedrifter er opptekne av komfort. Dei ønskjer løysingar som både er enkle og varmar godt. Samtidig er miljøtrenden stor og folk vil spare pengar. Det er vanskeleg å vite kva for varmekjelder vi skal velje og kvar vi finn dei. Varmekjelda avheng av kva for eit rom du ønskjer å varme opp og storleiken på bustaden.
 
Same kva for type varmekjelde du går for, er det viktigaste å halde seg til kjende merke og ein kompetent installatør. Dette gir deg både betre komfort og gode strauminnsparingar.
 
 
 
 
 
 
Kontakt
 

Tussa Installasjon

Ulsteinvik tlf. 70 00 90 30
Ørsta tlf. 70 04 93 00

installasjon@tussa.no