Installasjon

Lyskjelder

Det finst mange ulike lyskjelder å velje mellom. Ulike kombinasjonar med ulike fargar og løysingar kan gi rommet eit preg du ønskjer deg.
 
Det som er viktig å tenkje på er kva for montering du ønskjer, og om det skal vere moglegheit for endringar i ettertid. LED (light emitting diode), halogen, og lysrøyr er blant dei mest brukte.

LED-lys har blitt veldig populært dei siste åra. Pærene gir eit moderne og godt lys. Det dei er aller mest kjent for er lang levetid. I tillegg krev pærene lite energi og toler meir enn ei alminneleg pære.
 
Halogenlys har eit reinare lys og skaper ei naturleg belysning. Halogenlys er også straumsparande og utstrålar i tillegg varme.
 
Lysrøyr har lang levetid og finst i mange variantar og fargar. Røyra kan brukast til å setje akkurat den stemninga du ønskjer, om det er sterkt dagslys eller fargerikt kveldslys.

 
 
 
 
Kontakt
 

Tussa Installasjon

Ulsteinvik tlf. 70 00 90 30
Ørsta tlf. 70 04 93 00
Fosnavåg tlf. 70 00 90 30

installasjon@tussa.no