
Per Kristian Kile
Gruppeleiar næring, Ulsteinvik
Tussa Installasjon
For å kunne nyte ny internettbasert teknologi, smarthussystem og tryggleiksløysingar må du ha eit godt nett for elektronisk kommunikasjon. Teknologien krev stadig meir kapasitet, og då vert det også behov for å halde nettverket ditt oppdatert.
Vi er spesialistar på alle typar nettverk, fiber og elektronisk kommunikasjon til einebustader, sameige og burettslag. Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod.
Internkabling er kablinga mellom fiberinntaket og fibermodemet, og vidare ut til dei ulike romma og utstyret i huset ditt. For at du skal få mest mogleg glede av fiberen, må det interne nettverket i huset vere i orden, og det må vere godt planlagt.
Vi rår deg til å kable flest mogleg av dei stasjonære einingane dine. Dette er til dømes TVen, spelkonsollar og stasjonære PCar, spesielt om dei blir brukt til gaming. Dette vil avlaste det trådlause nettet.
Vi tek ei undersøking av det trådlause nettet i huset ditt, og gir deg råd og forslag til løysingar. Installasjonen kan vi gjennomføre med ein gong.
Ta gjerne kontakt for å høyre meir om kva vi kan gjere for deg.
Gruppeleiar næring, Ulsteinvik
Tussa Installasjon