Installasjon
Lysstyring

Lysstyring

Lysstyring er ei nyare løysing og moglegheitene er mange. Ved hjelp av rett brytar og dimmar gir det deg ein pen, enkel og sikker måte å styre lyssetjinga på etter behovet ditt. Trådlause system er ei rimeleg og enkel løysing, som gir deg moglegheita til å unngå skjemmande leidningar langs tak, golv og dørlister. Du treng heller ikkje å leggje om det elektriske anlegget for å styre lyset trådlaust. Dei fleste system kan kombinerast med det elektriske opplegget som du alt har. Med eit lysstyringssystem kan du både tenne og sløkkje lyset i eitt eller fleire rom samtidig, og med dimmar kan du regulere lyset i ein eller fleire lampar samtidig. Praktisk og funksjonelt, med ein snev av luksus.

 
 
 
 
Kontakt
 

Tussa Installasjon

Ulsteinvik tlf. 70 00 90 30
Ørsta tlf. 70 04 93 00
Fosnavåg tlf. 70 00 90 30

installasjon@tussa.no