TV Valmeny
Bruk valmenyen for TV i Tussa sin kundeapp eller på Tussa Di side til å velje kanalane og tenestene du vil ha i tv-pakken din!
Tussa kundeapp
- Last ned kundeappen frå App Store eller Google Play
- Logg inn med e-postadresse og passord (same innlogging
som til Tussa Di side) - Klikk på ikonet til TV valmeny
- Følg instruksane under (sjå bileter og tekst)
Tussa Di side
- Logg inn på Di side øvst til høgre
- Du treng e-postadresse og passord for å logge inn
- Vel "Breiband og digital-tv" i toppmenyen
- Vel "TV valmeny"
- Følg instruksane under (sjå bileter og tekst)
I toppen kan du til ei kvar tid sjå kor mange poeng du har brukt. Har du TV OG STRØYMING - 50 POENG (grunntilbodet), har du 50 poeng du kan bruke. Du kan utvide tv-pakken din til 60, 70 eller 110 poeng. |
|
FASTE KANALAR - Klikk på FASTE KANALAR for å sjå kva som ligg fast i tv-pakken din. Desse kanalane får du i tillegg til poenga dine, og kan ikkje bytast ut! |
![]() |
|
|
VALT INNHALD - Klikk på VALT INNHALD for å få oversikt over dei kanalane og strøymetenestene du allereie har i tv-pakken din. Desse kan du byte så ofte du vil utan ekstra kostnad. Dersom du vil fjerne kanalar og strøymetenester for å ha nok poeng til å velje anna innhald er det her du gjer det. Hald musepeikaren over innhaldet du vil fjerne og klikk på minus-ikonet. |
|
|
|
INNHOLD DU KAN VELJE INN - Sorter etter dei forskjellige kategoriane for å få oversikt over dei kanalane og strøymetenestene du kan velje mellom. Byt så ofte du vil utan ekstra kostnad. Hald musepeikaren over og klikk på pluss-ikonet for å velje kanalen eller strøymetenesta. |
|
|
|
IKKJE NOK POENG - Dersom du ikkje har nok poeng til å velje inn den aktuelle kanalen eller tenesta får du beskjed om det. Då må du skrolle opp til VALT INNHALD og fjerne innhald for å få plass til det nye. Om du ønskjer å kjøpe meir poeng kan du ta kontakt med Tussa kundesenter. |
|
|
|
BEKREFT - Når du er nøgd med val av innhald klikk på den grøne knappen BEKREFT VAL øvst til høgre! |
|
|
|
KVITTERING - Kanalane og tenestene vert tilgjengelege etter nokre minutter på tv-boksen din, i tv-appen og i nett-tv. Ved stor pågang kan det ta litt lenger tid. |
|