Tips og triks

Opptak

Er du redd for at opptaka skal gå i ball når du er på ferie? Med både Get Box II og Get Box Mikro (skylagring) kan du sette fire program på opptak samtidig.

 
 
Når eit program er satt på opptak vil det vere markert med ein raud prikk i tv-guiden. To raude prikkar syner at programmet er sett på serieopptak.
 
Opptaka dine vert lagra i MITT ARKIV. Seriar vert lagra i sesongar slik at du enkelt finn fram.
 
Oppgrader til 'Den nye tv-opplevinga' for å få 4 opptak samtidig
Har du oppgradert anten Get Box Mikro eller Get Box II med 'Den nye tv-opplevinga' kan du sette 4 program på opptak samtidig. 
 
- Get Box II har eigen harddisk med 140 timar lagringstid. Du har opptaka dine til du sletter dei sjølv. 
- Get Box Mikro har skylagring med 140 timar lagringstid. Du har opptaka dine lagra i 6 månader før dei vert sletta automatisk.
 
Skylagring på Get Box Mikro er ei tilleggsteneste som kostar kr 99,- per md. Opptaksfunksjonen vert automatisk lagt til når du oppgraderer Get Box Mikro til 'Den nye tv-opplevinga'. Om du ikkje ønskjer opptak kan du gi beskjed til Tussa kundesenter så deaktiverer dei tenesta på boksen din.