Toonix

Barne- og familieinnhald som er inkludert for alle som har HBO Nordic (40p) i START eller som abonnement.

Toonix er eit heilt nytt innhaldsbibliotek for barn og familiar. Det nye innhaldsbiblioteket byr på ei blanding av filmar og seriar for barn, inkludert populære titlar frå Cartoon Network, Warner Bros., Animation og mange fleire.
 
Toonix er inkludert i HBO-abonnementet utan ekstra kostnad, lokalisert med svenske, norske, danske og finske stemmer og er heilt reklamefri.
 
Du kan fritt velje inn HBO Nordic i startpakken din (40 poeng) ved å nytte Kanalveljaren på Di side. HBO Nordic får du også som abonnement til kr 89,- pr. md.
 
Toonix på Get boksen
For å sjå Toonix på Get boksen din må du gå til Filmleige/Play - vel HBO Nordic - vel TOONIX BARN. Då får du fram alle seriar og filmar som er tilgjengeleg i tenesta.
 
Toonix i Get TV app
I appen på mobil og nettbrett kan du velje BARN i menyen øvst til høgre. Då får du fram alt barneinnhaldet. Vel filteret 'Fra alle tilbydere' og klikk på dei kanalane du ønskjer å finne innhald i.
 
Toonix på Get nett-tv
I strøymetenesta til Get på pc/Mac finn du innhald frå Toonix ved å klikke på 'BARN' i hovudmenyen i toppen. Vel filteret 'Fra alle tilbydere' og klikk på dei kanalane du ønskjer å finne innhald i.