Min kino

Min Kino (5p) tilbyr episodar frå kjende barneseriar som Jungeldyret Hugo, Sauen Shaun, Pippi, Smurfene, Tintin og mykje meir.

Min Kino er eit tilbod som er hundre prosent trygt for barn å utforske fritt på eigahand. Her får barna handplukka og lærerik kvalitetsunderhaldning. Dei får uavgrensa tilgang til meir enn 1000 serieepisodar og filmar - alt med norsk tale. Kvar fredag er det nye episodar og filmar å gle seg til.
 
Min Kino har seriar som Kiwi og Strit, Jack & Quack, Ninjago, Masha og Mishka, Lego, Barbapappa, Fraglene, Smurfene m.m. Du finn også gode familiefilmar som Doktor Proktors prompepulver, Olsenbanden Junior, Mormor og de åtte ungene og Knerten m.m.
 
Min Kino (5p) får du kostnadsfritt i startpakken din, og er tilgjengeleg i Get TV app på mobil og nettbrett, og i Get si strøymeteneste på pc/Mac og Apple TV 4. Dermed kan barna sjå sine favorittar når dei vil, kvar dei vil. Min Kino er ikkje tilgjengeleg på Get-boksen enno.
 
 

FOR DEI ALLER MINSTE

FOR DEI LITT STØRRE

FOR LITT ELDRE BARN

Dei aller minste (0-2 år) får seriar med korte episodar utan tale. Barna får morosame songleikar som dei kjenner frå barnehagen.
Seriar for barn i alderen 3-6 år med levande eventyr og lærerike fortellingar der barna kan ta ei pause og lære noko nytt samtidig.
For dei litt eldre barna (7+) er det spenning og action som står på programmet.
 
Vel inn Min Kino i Start
Du kan enkelt velje inn Min Kino i startpakken din via kanalveljaren på Di side. Du brukar 5 kanalplassar (5 poeng) av dei plassane du har tilgjengeleg i Start.
 
Sjå Min Kino med Get TV app
Ta med deg filmane og seriane frå Min Kino på ferie. Bruker du tv-appen frå Get, er alle filmane og seriane tilgjengeleg kvar som helst og når som helst i Noreg. Innhalde finn du i menyen øvst til høgre, vel 'BARN'. Vel filteret 'Fra alle tilbydere' og klikk på dei kanalane du ønskjer å finne innhald i.
 
Sjå Min Kino med Get nett-tv
Bruker du strøymetenesta Get nett-tv på pc/Mac, kan barna sjå filmar og seriar kvar som helst og når som helst i Noreg. Logg inn på get.no/tv. Innhaldet finn du under 'BARN' i hovudmenyen. Vel filteret 'Fra alle tilbydere' og klikk på dei kanalane du ønskjer å finne innhald i.
 
Last ned innhald offline
I Get TV-app kan du laste ned filmar og seriar frå Min Kino. Då kan barna sjå filmar og serie-episodar utan å vere avhengig av mobildekning eller WiFi. Offline er tilgjengeleg for alle Get-kundar på både mobil og nettbrett.
 
 
Min Kino er ikkje tilgjengeleg på Get-boksen enno!