Tippekampen er tilbake

Laurdagar kl. 16.00 kan du sjå engelsk toppfotball på TV 2 Sportskanalen. Vel kanalen inn i startpakken (5p) utan ekstra kostnad.

Fakta om Tippekampen
Allereie 4. februar vart ballen sparka i gong mellom eit Liverpool-lag på medaljejakt og Hull med potensielt 3 nordmenn på banen. Utover våren kjem spennande Tippekampar som perler på ei snor.
 
Tippekampen vert sendt på TV 2 Sportskanalen som har kanalplass 23 på Get-boksen. Kanalen er også tilgjengeleg via Get TV-app på nettbrett og mobil.
 
Hugs at du kan velje inn TV 2 Sportskanalen i startpakken (Start) dersom du ikkje har den tilgjengeleg i dag. Dette gjer du enkelt anten via kanalveljaren på Di side, du brukar 5 kanalplassar (5 poeng) av dei plassane du har tilgjengeleg i Start.
 
 
 
 
No får du alle TV 2 sine kanalar i Get-appen når du er på farten
Get og TV 2 gjekk i januar inn ei langsiktig samarbeidsavtale. Tippekampen er eit av ledda i dette samarbeidet. I tillegg er alle TV 2 sine kanalar tilgjengeleg i Get-appen også når du er utanfor ditt eige heimenettverk. Før var det berre mogleg å sjå TV 2 via app-en når du var kopla til eige heimenettverk.