Offline

Ta med Telia Play på tur

På reisefot? Med offline-funksjonen i TV-appen kan du laste ned filmar, seriar og opptak på mobil eller nettbrett. Då kan du sjå Telia Play utan å vere på nett – og utan å bruke mobildata. Ta med deg favorittane dine på buss, tog og fly, eller på hytta om det er dit du skal.

Hammock-658x439px.jpg
Offline-funksjonen er fin å bruke når du:
  • er utan nett
  • har nett med sneglefart
  • ikkje vil bruke mobildata
 
Sånn fungerer det:
  1. Sørg for at du har siste versjon av Telia Play-appen
  2. Gå til "Nedlastinger" i menyen
  3. Vel "Finn noe å laste ned"
  4. Klikk på  når du har funne det du vil sjå
  5. Nedlasting er fullført når pila endrar seg til:  
  6. Nedlasta innhald er tilgjengeleg i 30 dagar før det vert sletta
  7. Nedlasta innhald du har starta å sjå, eller har sett, vert sletta etter 48 timar
 
Nyttige tips:
  • Ønskjer du å laste ned innhald frå t.d. strøymetenester som HBO Nordic, Paramount+, Nordisk Film+, Cirkus, Curio, og frå barnekanalar og andre strøymetenester for barn må du velje inn kanalane og tenestene i tv-pakken din først for å få tilgang til innhaldet
  • Har du valt inn strøymetenesta Viaplay må du bruke Viaplay-appen for å laste ned innhald offline
  • Vel innhald i tv-pakken din ved å bruke valmenyen for TV anten i Tussa kunde-app, eller på Tussa Di side. Du kan logge inn på Tussa Di side øvst til høgre her på sida - Vel Breiband og digital-tv i toppmenyen - Vel TV Valmeny

Ta opp og last ned

Har du Telia box eller TV boks Mikro med TV-opptak (skylagring), kan du spare på favorittinnhaldet ditt. Opptaka er tilgjengeleg i skya, og du kan sjå dei på tvers av alle einingane dine (TV-boks/nettbrett/mobil/AppleTV/PC). I tillegg kan du laste ned opptaka dine med offline-funksjonen slik at opptaka dine er tilgjengeleg sjølv om du ikkje har tilgang på internett.
 
 

Har du ikkje lasta ned Telia Play-appen enno?