Get Kanalvelger

Slik brukar du kanalveljaren på Di side til å velje kanalane og tenestene du vil ha i Start:

  • Logg inn på Di side øvst til høgre
  • Du treng e-postadresse og passord for å logge inn
Når du er logga inn på Di side:
  • Vel "Breiband og digital-tv" i toppmenyen
  • Vel "Get kanalvelger"
 
I toppen kan du til ei kvar tid sjå kor mange poeng du har brukt. Har du den ordinære startpakken 'Start', har du 50 poeng du kan bruke. Har du den utvida startpakken 'Familie', har du 110 poeng du kan bruke.
 
Velg inn tenester som HBO Nordic og Filmfavorittar, eller tilgjengeleg sportskanalar og innhald for barn. Poenga du må bruke for å få kanalane eller tenestene står i firkanten øvst til venstre (3-40 poeng).
 
Om du ønskjer enkeltkanalar kan du velje blant eit stort utval. 1 poeng for kvar kanal.
Du kan sortere kanalane etter innhald ved å klikke på kategoriane.
 

Slik vel du kanalar og tenester

Symbola kjem fram når du held musepeikaren over kanal-ikonet
 
Legg til kanal
Informasjon
Fjern kanal

Legg til ny kanal ved å klikke på VELG. Kanal-ikonet blir grått og dukker også opp under "Dine valgte kanalar og tenester".
Les meir om kanalen eller tenesta ved å klikke på "i"-ikonet.
Fjern kanal ved å klikke på FJERN.
 
 

Kanalane og tenestene du har valgt

 
Du får ei god oversikt over kva kanalar som ligg fast i startpakken din, og kva kanalar og tenester du har valt inn sjølv. Øvst ser du til ei kvar tid kor mange poeng du har brukt.

 

Fullt

Når du har lagt til maks tal på kanalar og tenester vil du få melding om du prøver å legge til fleire.
Du må fjerne ein eller fleire kanalar for å legge til nye.

 
Når du er nøgd med val av kanalar og tenester må du klikke på den gule knappen BEKREFT VALG.
Kanalane og tenestene vert tilgjengeleg etter nokre minutt. Ved stor pågang kan det ta opp til 3 timar.