Paramount+

Få tilgang til ei rekkje nye toppfilmar og eldre klassikarar som aldri går ut på dato.

Paramount dokumentbilde.png
Viacom gir deg som Tussa/Get-kunde tilgang til Paramount sine nyaste storfilmar. Get er blant dei fyrste i verda som tilbyr denne unike moglegheita.
 
Ved å velje inn Paramount+ i startpakken din (10p) får tilgang til tenesta på Get boksen, via Get si strøymeteneste på PC/MAC og på Get TV app for smarttelefon og nettbrett.

 

Dette er Paramount+

Paramount+ inneheld 35 filmar der 10 av dei er nye storfilmar. Dette betyr at filmane blir tilgjengeleg for deg 7 til 9 md. etter at dei har gått på kino (filmane er først tilgjengeleg i Get filmleige/Play).
 
Eksempel på på nye storfilmar som du kan sjå i Paramount+ fram til juni er: Jack Reacher - Never Go Back med Tom Cruise i hovudrolla, krigsdramaet Allied med Brad Pitt som kanadisk agent og Fences med Denzel Washington i hovudrolla. Eksempel på nyheit som kjem i januar er Baywatch som gjekk på kino i sommar.
 
Paramount+ har også ei rekkje klassikarar å by på som aldri går ut på dato. Filmar som Shutter Island, Flight, The Ring, Primal Fear, An Officer and a Gentleman og mange fleire ligg tilgjengeleg ut mars.
 
I tillegg til filmane inneheld Paramount+ totalt 800 serie-episodar frå mellom anna Comedy Central og MTV.
 
Sjekk ut Paramount+ i dag! Du finn filmane og seriane i Get si strøymeteneste på PC/MAC og Get TV app.
 
 

Sjå Paramount+

For å sjå Paramount+ på Apple TV4, nettbrett og mobil må du laste ned Get sin app.
 
 Meir om Get TV og pålogging her (her finn du også link til å sjå nett-tv på PC/Mac)