C More Play

Få tilgang til heile C More sitt underhaldningstilbod - akkurat når det passar deg! Tenesta tilbyr meir enn 1000 filmar og serieepisodar som vert vist på dei ordinære C More-kanalane. Tenesta er gratis for dei som har C More-abonnement.

Eigen kategori i Play/Get filmleige, C More PLAY
Som første aktør i Noreg, lanserte Get i samarbeid med C More ei teneste som gjer det muleg å leige både seriar og filmar frå C More.
 
Kven får tilgang til denne tenesta?
Har du C More Total eller C More Film og ei Get HD-boks, er tenesta inkludert i abonnementet ditt. Du har dermed tilgang til heile underhaldningstilbodet av filmar og seriar som vert vist på C More sine filmkanalar utan ekstra kostnad.
 
Tenesta fungerer som ei vanleg filmleige-teneste.
 

 

Sjå sport, filmar og seriar også på mobil, nettbrett og pc/mac!

Er du på farten og ønskjer å sjå innhald frå TV 2 Sport eller C More kan du logge deg inn via www.cmore.no, eller laste ned C More-appen til mobilen og nettbrettet ditt. Som abonnent på TV 2 Sport og TV 2 Film og Seriar får du tilgang til kampar frå Tippeligaen og OBOS-ligaen, samt SHL-hockey og tennistilbodet m.m. Du får også tilgang til seriar og filmar frå C More.
 
NB! Du får tilgang til det same innhaldet i C More Play som du har i C More-pakken din. Dvs. at dersom du har berre sport-pakke får du tilgang til sportsinnhaldet. Har du film- og serie-pakke får du tilgang til film og seriar. Har du sport- og film-pakken får du tilgang til alt innhaldet!
 
OBS! Premier League er ikkje tilgjengeleg på fleire skjermar enno. Det vert jobba med ulike løysingar for å kunne sjå Premier League og anna engelsk fotball på fleire skjermar enn dei lineære tv-kanalane. Så snart ei løysing er på plass vil alle abonnentar få informasjon om dette!