Paramount+

Inkludert i tv-pakken (10 poeng). Få tilgang til ei rekkje nye toppfilmar og eldre klassikarar som aldri går ut på dato.

Paramount dokumentbilde.png
Ved å velje inn Paramount+ i tv-pakken din (10p) får du tilgang til tenesta på tv-boksen og i Telia Play (tv-app og nett-tv).
 
Sjå Paramount+ i tv-app og nett-tv
Filmane finn du i menyen Filmer. Du kan enkelt filtrere på kategoriar, tilbydarar eller popularitet.
 
Sjå Paramount+ på tv-boksen
Filmane finn du i menyen Filmleige/Play.

 

Dette er Paramount+

Paramount+ inneheld 35 filmar der 10 av dei er nye storfilmar. Dette betyr at filmane blir tilgjengeleg for deg 7 til 9 md. etter at dei har gått på kino (filmane er først tilgjengeleg i Filmleige/Play).
 
I tillegg til filmane inneheld Paramount+ totalt 800 serie-episodar frå mellom anna Comedy Central og MTV.
 

Slik får du tilgang til Paramount+

Bruk valmenyen for TV i Tussa kundeapp eller på Tussa Di side for å velje Paramount+ inn i tv-pakken din.

 

Sjå Paramount+

For å sjå Paramount+ på Apple TV4, nettbrett og mobil må du laste ned Telia Play-appen.
 
 

 

Last ned filmar offline

I tv-appen kan du laste ned filmar frå Paramount+. Då kan du sjå filmar utan å vere avhengig av mobildekning eller WiFi. Offline er tilgjengeleg for alle Telia-kundar på både mobil og nettbrett.