Filmar og seriar
Sjå dei nye storfilmane eller dei siste serienyheitene. I Filmleige/Play får du tilgang til både filmleige der du betalar per film, gratis strøymetenester som du vel inn i tv-pakken din og abonnementstenester.
Vel inn i tv-pakken din: Viaplay, C More, FOX+, HBO Nordic, Parmount+, Nordisk Film+, FilmFavorittar, Cirkus og Curio. Bruk valmenyen for TV i Tussa kundeapp eller på Tussa Di side! Når du har valgt inn ei eller fleire av desse finn du innhaldet på tv-boksen i menyen Filmleige/Play, og i tv-app og nett-tv i menyane SERIER og FILMER.
Viaplay
For deg som diggar nye filmar og gode seriar! Vel inn Viaplay i tv-pakken din (45 poeng), og få eit stort utval av nye filmar med 300 premierefilmar årleg, norske og internasjonale toppseriar og masse innhald for barn - både film og seriar.
C More
Vel C More inn i tv-pakken din for 20 poeng, eller kjøp abonnement til kr 99,- pr. md. I tillegg får du tilgang til heile C More sitt underhaldningstilbod i C More Play - akkurat når det passar deg!
FOX+
Inkludert i tv-pakken (10 poeng). I FOX+ får du meir enn 50 seriar med totalt over 3 500 serieepisodar.
Nordisk Film+
Inkludert i tv-pakken (10 poeng). I Nordisk Film+ får du dei beste norske og nordiske filmane i tillegg til internasjonale storfilmar. Nye filmar vert lagt ut kvar veke.
Paramount+
Inkludert i tv-pakken (10 poeng). Få tilgang til ei rekkje nye toppfilmar og eldre klassikarar som aldri går ut på dato.
HBO Nordic
Inkludert i tv-pakken (40 poeng). Her kan du boltre deg i kritikarroste seriar som Game of Thrones, Westworld , Vikings og resten av HBO Nordic-universet.
FilmFavoritter
Inkludert i tv-pakken (5 poeng). Dette er ei strøymeteneste der du får tilgang til over 200 høgt profilerte filmar frå dei mest populære sjangrane.
Cirkus; Det beste av britisk krim og drama
Inkludert i tv-pakken (5 poeng). Cirkus gir deg tilgang til stjernespekka og prisvinnande tv-seriar frå ITV og andre britiske kvalitetsprodusentar.
Curio - dokumentarar og naturprogram
Inkludert i tv-pakken (5 poeng). Få tilgang til meir enn 200 timar med internasjonale naturprogram og kvalitetsdokumentarar.
National Geographic Now
Inkludert i tv-pakken (5 poeng). Sjå alle favorittseriane dine frå tv-kanalen National Geographic , og mange nye seriar og dokumentarar som aldri har blitt vist tidlegare.